District Nine er ein hardtsvingande nonett med sterke solistar og flotte ensemblemusikarar. Musikken tar utgangspunkt i den amerikanske Blue Note jazzen frå 1950- og 1960-talet og blandar dette med element frå dagens musikk. Med sine seks blåsarar har District Nine trøkket og tyngda til eit storband utan å miste fleksibiliteten og leiken ein finn i mindre orkester. Gjennom sitt repertoar - som har eit spenn frå swing, via latin og til funk - presenterer District Nine heftige shout chorus, eit stødig komp og fabelaktige solistar. → Følg District Nine på Facebook!
Vi gjentek suksessen frå 2012. Kvart korps framfører eit stykke (kan vere medley). Her kan ein fylle opp korpskassa!
Juriens kriterier: Både Showfaktor og musikalsk dyktigheit vert vurdert.